Peter Clarke (39)

Svar
JDeacon
Innlegg: 40

Peter Clarke (39)

Legg inn av JDeacon »

Det er voldsomt å starte ein eigen tråd for ein 39 år gammal midtstoppar i L2. Når ein nevner at han spelte absolutt alle kampar for Tranmere forrige sesong (3 mål) og at han allereie står med 3 mål i inneverande, så nærmar det seg noko spesielt. Det er absolutt ingen tilfeldighet at mannen scorar mål. I si lange karriere har han scora over 50 mål. I skrivande stund er han toppscorar i klubben, sjølv om det kanskje seier meir om spissane våre. Måten han leiar forsvaret til Rovers på er intet mindre enn imponerande. Han går inn i alle duellar med 100% innsats og fokus kvar gong. Dersom han ikkje kan blokkere eit skudd med beina, tek han i bruk andre tilgjengelige kroppsdelar. Mot Salford stupte han inn og blokkerte eit skudd med hovudet. At Tranmere står med 4 innsleppte mål på 11 kampar må Peter Clarke få mykje av æra for. For ein gjennomført profesjonell fotballspelar!

No kjenner eg Clarke kun frå Tranmere Rovers. Men eg har registrert at han vore innom ei mengd med andre klubbar i si karriere. Har Clarke alltid vore ein slik spelar?

TommyCowan2
Innlegg: 6

Legg inn av TommyCowan2 »

Nei, det er en på sin plass, Deacon! En av mine absolutte favoritter som Hudders-fan. Alltid vært sånn ja. Beste kapteinsemne jeg har vært borti. Passer på lagkamerater når det trengs, snakker hele kampen, pusher, støtter, går i front, er veldig god med supporterne og så må det også nevnes dette med at han gjør hjemmeleksa på klubbene han signerer for, slik at han alltid er en god ambassadør. Legende er utvannet, men det passer på Clarke.

Svar

Gå tilbake til «Fotball - Britisk Øvrig»